Fastlegevikariat

Tokke kommune
Publicerad
februari 1, 2021
Placering
Dalen, Norway
Kategori
Typ av jobb
Heltid  

Beskrivning

Forlenga søknadsfrist: 10 februar 2021

Ledig 100% vikariat som fastlege i perioden 01.04.21- 31.12.21 ved Tokke legekontor

 

Tokke legekontor har 3 fastlegeheimlar, 1 LIS 1 og 3 stillingar som hjelpepersonell, m.a. eigen bioingeniør. Vi kan tilby ein variert arbeidsdag, eit inspirerande og godt arbeidsmiljø og spanande faglege utfordringar. Journalsystemet er System X,

Tokke kommune eig og driv legesenteret. Fastlegane er tilsette i Tokke kommune.

 

Stillingstype:

Godt opparbeidd liste med for tida mellom 600-700 pasientar.

Arbeidsoppgåver

• kurativ verksemd

• inntil 7,5 timer offentleg arbeid i veka

• deltaking i interkommunalt legevaktssamarbeid med Vinje kommune

 

Kvalifikasjonar:

• norsk autorisasjon som lege registrert i helsepersonellregisteret

• godkjent legevaktkompetanse jamfør akuttmedisinforskrifta og erfaring frå legevakt

• gode ferdigheiter i norsk munnleg og skriftlig.

• må ha førarkort

 

Personlege eigenskapar:

• Gode ferdigheiter i kommunikasjon og samhandling

• Evne til å jobbe strukturert og målretta

• Evne til å jobbe sjølvstendig

• Gode digitale ferdigheiter

• Personlege eigenskapar vert lagt vekt på

 

Vi tilbyr:

Konkurransedyktig fast lønn

• eit godt og inspirerande arbeidsmiljø

• time på dagen ordning

• avtale om fri etter vakt

 

Kontaktinformasjon:

Kommuneoverlege og fagansvarleg: Lars Håvard Eriksen Tlf. 954 18 400

Avdelingsleiar helse: Evy Katrin Aamlid Tlf. 411 00 975

 

Andre opplysningar:

Den som blir tilsett må leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.

Du skal nytte vårt elektroniske søknadsskjema på stilling. Det elektroniske søknadsskjemaet må fyllast ut så fullstendig som mogleg.

Kopi av rettkjende attestar og vitnemål sendast ved førespurnad eller ved frammøte til intervju.

I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

 

Elektronisk søknadskjema

 

Velkomen som søkjar!

Tillämpa
Drop files here browse files ...
Captcha
Fastlegevikariat
Rulla till toppen
Are you sure you want to delete this file?
/